MOTORSYKKEL

KLASSE A-A1-A2

For alle dei tre klassene er opplæringa delt inn i fire trinn

  • Trinn 1 – Trafikalt Grunnkurs

  • Trinn 2 – Grunnleggende Opplæring

  • Trinn 3 – Trafikal Del

  • Trinn 4 – Avsluttande Opplæring

Generell info for alle klasser

Den praktiske opplæringa (køyretimar) startar ved Ørsta trafikkstasjon i Hovdebygda.

Trafikkskulen krev at du har fult motorsykkelutstyr (hjelm, køyredress, hanskar, sko). Dersom du ikkje har slikt utstyr sjølv kan du også leige med oss. Om du ikkje har kjøpt enda, og er litt usikker på kva du treng, leiger du med oss først, slika at du får tid (og råd) om kva du bør kjøpe.

Alle køyretimar vert gjennomført med trafikkskulen sine motorsyklar.

Klasse A (tung motorsykkel)

Denne klassa gir deg ubegrensa førarrett, dvs. at ein kan køyre så stor/tung motorsykkel ein ynskjer. Alderskravet har blitt oppjustert til 24 år om en ikkje har nokon erfaring eller førarrett på motorsykkel frå tidligare. Om en tek A2 når en er t.d. 18 år, kan ein etter å ha gjennomført eit sjutimars kurs oppgradere førarretten til klasse A (tung motorsykkel) allereie når ein er 20 år.

For å oppnå førarrett klasse A må ein gjennomføre både teoretisk og praktisk prøve på en trafikkstasjon.

Les meir om opplæringa her

Klasse A1 (lett motorsykkel)

Denne klassa gir deg førarrett på lett motorsykkel opptil 125 ccm, og høgst 11 KW. Alderskravet er 16 år. For å oppnå førarrett i Klasse A1 må ein gjennomføre både teoretisk og praktisk prøve på trafikkstasjon. Bortsett frå ein tretimars obligatorisk teoridel, er det ingen krav til teoriundervisning i Klasse A1. Sidan elevane er 15-16 år og har liten trafikal erfaring frå før, startar vi opplæringa med teoriundervisning, før den praktiske opplæringa (køyretimar).

Klasse A2 (mellomtung motorsykkel)

Denne klassa gir deg førarrett på mellomtung motorsykkel opptil 35 KW. Alderskravet er 18 år. For å oppnå førarrett i klasse A2 må en gjennomføre både teoretisk og praktisk prøve på trafikkstasjon.

Les meir om opplæringa her

Meir info om overgangsreglar og oppgradering av førarrett kl A2 her.

Prisar


Type Trinn Klasse Pris
Grunnkurs 2 A, A2, A1 1500,-
Per køyretime / trinnvurdering 2,3 Alle 955,-
Obl. sikkerhetskurs bane 3 A2, A 4500,-
Obl. sikkerhetskurs 3 A1 4100,-
Obl. sikkerhetskurs 4 A 5600,-
Obl. sikkerhetskurs 4 A2 5100,-
Obl. sikkerhetskurs 4 A1 5100,-
Innledning / oppsummering 4 A 850,-
Leie av utstyr - Alle 900,-
Leie av sykkel (førerprøve) - Alle 2300,-
Tillegg per 45 min (helg) - Alle 100,-
Utvidelse - A1->A2 1950,-
Utvidelse - A2->A 6500,-

GEBYR til Statens vegvesen:

Gebyr Beløp
Teoriprøve 360,-
Foto (SKAL tas første gang man tar teori) 70,-
Praktisk prøve 1980,- (1940,- på nett)
Produksjon av førerkort 210,- (90,- på nett)