MOPED

KLASSE AM146

Mopedopplæringa er inndelt i fire trinn;

  • Trinn 1 – Trafikalt Grunnkurs

  • Trinn 2 – Grunnleggande opplæring

  • Trinn 3 – Trafikal Del

  • Trinn 4 – Avsluttande Opplæring


Kurset for moped (klasse AM 146) kan gjennomførast ved alle våre avdelingar i Volda, Ulsteinvik, og Moa (Ålesund).

Det er ikkje nokon obligatorisk teoriundervisning i denne klassa, men sidan elevane er i 15-16 års alderen, og såleis har begrensa med trafikal erfaring synes vi at dei må ha ei teoretisk innføring før den praktiske delen (køyretimane) startar.

Det er ingen praktisk prøve (førerprøve) i denne klassa. Det er kun teorieksamen ved en trafikkstasjon, og denne kan takast tidlegast den dagen eleven fyller 16 år.

I 2016 vart opplæringa for moped (klasse AM 146) endra. No er det ikkje lenger det gamle mopedkurset som gjeld, men ei praktisk måling av eleven sine ferdigheiter som vert lagt til grunn for å kunne gå vidare med opplæringa. Du må med dette oppnå dei krav som er satt for trinn 1 for å gå vidare med trinn 2, osv.

Prisar


Type Trinn Varigheit Pris
Grunnkurs AM 146 135 min 900,-
Køyretime 2 180 min 1200,-
Trinnvudering (Lukka område) 2 45 min 850,-
Køyretime (Første gang i trafikk) 3 135 min 900,-
Sikkerhetskurs i trafikk 180 min 1700,-
Trinnvurdering 3 45 min 850,-
Sikkerhetskurs på veg 180 min 1700,-
Mengdetrening per time –  45 min 850,-
Leige av moped (heile kurset) 600,-

Alle timer/avtaler som ikke benyttes, eller blir avbestilt etter fristen på 24 timer må betales i sin helhet. Det er 48 timers avbestillingsfrist på all obligatorisk opplæring.